Vi har føring på dei fleste toppar og veggar i området, ta kontakt så kan vi saman planlegge turane.
Her er nokre eksempel:
Mohns topp/ Sofaruta
Molladalen er eit utruleg skue, og Sofaruta ligg lengst Aust(til høgre sett frå dalen). Dette er flott klatring i Molladalsgranitt. Standplassar på store, men luftige hyller. Klatringa er fast og fin. Graderingsmessig er det omlag ein 4+.
Bladet
Bladet er ein særeigen pinakkel(tårn) i Molladalen. Den ligg rett ved Mohns topp og Randers topp. Klatringa er ikkje like vanskeleg som bileta gjev inntrykk av. På sommarstid, juni - oktober, er den vanlegaste vegen å gå frå Molladalssida. Det er ulike vegar opp, klatreruter og klyving i renner. Mange vel å ligge i telt i Molladalen og gå på tur to eller fleire dagar. Dette gir større sjanse for sikt når ein er på Bladet og klatringa på Molladalsgranitten dei andre dagane er ikkje å forakte.

