Toppturen på Storebjørn er ein av dei verkeleg klassiske vårskiturane på Sognefjellet.
Frå parkeringsplassen nedanfor Krossbu føl me dalen oppover mot Leirbreen, vidare oppover denne og inn mellom Smørstabbtindane. Mellom Soksi og Bjønnungen går me gjennom Bjørneskar, ned eit lite stykke, før me tek til på den siste bakken mot toppen. Viss forholda tillet det går returen ned over Smørstabbreen.
Utstyr
Normale fjellklede, solid fjellskiutstyr, skifeller, solbriller og solkrem.
Google Earth

