Betingelser

Påmelding og betingelsar

Påmelding


1. Send ein e-post til post@norgesguidene.no og fortel kva arrangement du er interessert i, og kva periode det er aktuelt. Oppgi navn og mobilnummer slik at me kan nå deg. Ved bestilling ynskjer me navn, mobilnummer, postadresse og e-postadresse til alle deltakarar.
2. Du vil få ei henvending/bekrefting frå oss så snart som mogleg.

Betingelsar


Avbestillingsvilkår:
Avbestilling ml 6 og 3 veker før - me fakturerer NOK 3000,- pr dag pr bestilte fører.
Avbestilling seinare enn 3 veker før - me fakturerer NOK 4400,- pr dag  pr bestilte fører.  

Om ikkje annet vert avtala, startar turen med at de møter føraren på Turtagrø kl 19 kvelden før tur for å sjå på kart, utstyr etc. 

Ang avlysning/snutur pga vær/føre: Om førarane kan sjå dagen før tur eller om morgonen før turstart at det vil vere lite sannsynleg å kunne gå den planlagde turen, informerer dei om dette, og foreslår ein anna klatreføring taulaget kan gå. Taulaget må då bli enige seg imellom og med føraren om kva dei vil gjere, og ein betalar for den turen som blir gått. Om ein ikkje ynskjer å benytte tilbodet om ein alternativ tur, gjelder avbestillingsvilkåra.