Kurs

Velg din opplevelse

Skredkurs 5 dagar Turtagrø - Hurrungane

Skredkurs Alpin Skibestigning

Skibestigning i alpine område, frikøyring og offpiste-køyring i heisanlegg er populært. Dette kurset har som mål å førebu deg på kva du kan møte og må forholde deg til i alpine fjellområder. Hurrungane lengst vest i Jotunheimen er kanskje det mest alpine fjellområde i Norge, og Turtagrø er ein historisk fjellsportstad, så råmene er perfekte.

Sentrale tema vil være trygg ferdsel i bratt snø, trygge vegval og skredvurderingar, kameratredning frå skred, bruk av elektronisk skredsøkarutstyr, samt bruk av stegjern og isøks om det vert nødvendig.

Kurset går over 5 dagar og kombinerer toppturer på ski med skredlære og vegvalg i brattare terreng. Me legg opp til toppturar i spanande terreng og områder som krev relevante vurderingar. Kurset går i alpint lende og du bør derfor ha gode skiferdigheter.