Tinderuta Jotunheimen

Vestsida av Jotunheimen har meir snø enn austsida, derfor har me laga Tinderuta som dreg full nytte av dette

Turen har mange 2000m toppar og fine hytter, men fokus ligg på skiglede og god snø framfor toppsamling! Viss skikøyringa er viktig er dette turen for deg! Her får du god skikøyring blant høge tindar!

Fem dagar frå hytte til hytte, med en ny vri. Over flotte fjell og mellom dei klassiske hyttene Jotunheimen som byr på god middag og frokost. Alt ekstra vi treng å ta med oss i dagstursekken er lakenpose og tannbørste. Turen går over bre og har nokon bratte parti, dette betyr at stegjern, isøks, sele og skarjern må være med i tillegg til skredutstyr.

For å få ein finast mogleg tur er det bra å kunne gå 1500 høydemeter og 20 km på ein dag. I tillegg må du å kunne kjøre bratte heng med god kontroll og på varierande føre. Vi anbefaler randonebindingar og ski som ikkje er breiare enn 100mm under foten. Det er mykje turglede i ein lett sekk, så ta berre med det du veit du skal bruke.

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec