Fotturar Sunnmøre

Bli med på ein panoramatur rundt og gjennom Sunnmørsalpane. Vi kan krysse brear og vandre mellom stortoppane. Kvar vi legg ruta finn vi ut undervegs! Skulle været bli så bra at vi ikkje vil gå, så kan vi jo legge oss på ryggen i lyngen.
Overnattig gjer vi som det høver seg, telt, hytte eller hotell. Sove ombord i båt? Fjordkryssing kan vi gjere i både ferge, motorbåt eller kanskje ein gamal kyrkjebåt? Kanskje du vil ein tur på Slogen, eller gå frå Sykkylven til Trandal? Frå Lisje Standal til Kolåstind, eller kanskje Molladalen og toppane og spira der?

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec