Grottevandring i Dumdalen

I Dumdalen kan du vere med på grottevandring og oppleve grottene som elva gjennom mange tusener av år skapt. Der finn ein fabelaktige tunnelar og store salar under jorda.
Den kalkrike berggrunnen i området byr derfor ikkje berre på eit fantastisk blomstervelde, men og på moglegheita for å utforske ein underjordisk eventyrverden.

I selskap med fører fra Norgesguidene kan du ta deg trygt fram langs med underjordiske elvestryk, ete nista di i Fantomhola eller sjå etter aure i fiskegrotta. På knær og albogar eller på magen gjennom de trongaste passasjane finn me vegen gjennom grottene.

Sjølve Dumdalen er ein vakker dal, der elva, når ijkke den forsvinner fra bakken, slynger seg gjønom eit frodig, blomsterrikt landskap. Her finst den største konsentrasjonen av fine lunsjplasser i Jotunheimen.

Alle herligheitene ligg berre ei kvarters gange fra riksvei 55. Grotteturane er dermed tilgjengeleg for alle på alle nivåer.

Dumdalsgrottene er no delvis verna og stengt for offentligheten - dette gjeld dei grottene som ligg lengst inn i dalen, men det er likevel mange fine grotter å utforske. Grottene inneheld ein del sårbar informasjon bl.a. om istidssedimentering så vi håpar at alle er med og respekterer eit slikt vern!

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec