Store Ringstind

Dette er ein av dei klassiske bre-toppturane i Hurrungane. Kanskje den finaste Hurrungtoppen du kan nå utan å klatre. Turen byrjar i lett terreng innover Ringsdalen. Etterkvart vert det brattare før me når Ringsbreen. Her tek me på tau og selar. Me kryssar under Midtre Ringstind før me tek til på den siste bakken mot toppen. Kanskje lyt me gå på kryss og tvers for å kome forbi sprekkane. Frå toppen har me utsikt rett mot Store Austabotntind i eine retninga, og mot Dyrhaugsryggen og Store Skagastølstind i den andre retninga.

Google Earth

Hjem    Om Norgesguidene    Kontakt & Påmelding    Lenker   
  NORGESGUIDENE AS - MJØLVER - 6871 JOSTEDAL - NORWAY - TLF. + 47 92 05 40 57 - E-mail: post@norgesguidene.no