Soleiebotntraversen

Hurrungane er kjent for mange svært lange turar. Kvifor ikkje gå ein der du er like lenge oppe i høgda som på dei andre turane, men slepp å bruke like lang tid på å gå inn og ut gjennom dalane?

Dette er ein tur der me raskt vinn høgdemeter og får utsikt i bakkane oppover mot Lauvnostind. Vegen opp hit er fin og lett å gå. Frå Lauvnostind byrjar me på ei kvassare egg og brattare terreng der klatreutstyret lyt fram. Fyrste mål er Nordre Soleibotntind (2030 moh). Deretter går me vidare bortover egga og opp til Store Soleibotntind (2082 moh). Vel oppe på toppen kan me knyte oss ut av taua og gå i fin steinrøys ned att til vegen.

Hjem    Om Norgesguidene    Kontakt & Påmelding    Lenker   
  NORGESGUIDENE AS - MJØLVER - 6871 JOSTEDAL - NORWAY - TLF. + 47 92 05 40 57 - E-mail: post@norgesguidene.no